Gamlastovo festlokale

Gamlastovo festlokale

Om Gamlastovo festlokale

Tunet på Nes Gard er et klyngetun med elleve bygningar og gamal hage, og garden har no tilhøyrt familien Nes i tolv generasjonar. Den eldste bygningen er Gamlastovo som vart gjenreist her i 1620 åra. Bygningen var først bustad for bureisingsmannen, og seinare for familiane som følgde. Midt på 1700 talet fungerte bygningen som Kvam si første tingstove, og vart nytta som rettslokale av lensmannen Gjermund Olsen Børve som budde her den gongen. Seinare har bygget vore nytta til alt frå bakstehus, bandasmiing, vedahus, fruktlager, og til sliping av ljår til slåtten i udøre.

I dag er Gamlastovo ført attende til sin opphavelege funksjon som råme om dagliglivet til storfamlien på garden. Det var slik dei gamle røykstovene tente som norsk bustad i tusen år. Med si autentiske renovering er bygningen no vorte eit unikt døme på denne lange tradisjonen. Vi er difor stolte av at vi kan invitera deg til arrangement i dette særprega historiske miljøet.

Ingen bilder funnet.

Fleksibel servicegrad

Gamlestovo er den eldste bygningen på tunet. Her får du oppleva korleis slektene i Hardanger har budd i 1000 år. Denne autentisk restaurerte røykstova er et unikt vitnesbyrd om fortida. Likdøra i endeveggen og dei 5 barselskorgene på hylla over vogga minner om generasjonane som har kome og gått. Overljoset frå ljoren, kolene på veggene og ljoskimmeret frå grua kastar skuggar på lafteveggene, og skaper ein spesiell stemning i rommet.

Samtidig har vi også sytt for komforten med varme i golvet, trinnlaus regulering av røyken i pipa, og separat belysing etter behov. Lystilhøva kan óg regulerast komplett slik at lokalet også kan nyttast for lysbilete og film. Dette er det lagt til rette for med ein bakgrunnsprosjeksjonsskjerm, og biletspela kan styrast via fjernbetening av karusellar på galleriet.

Vi kan dekka med tinnservice for inntil 16 personar på langbordet. Ved større arrangement supplerer vi med glas og keramikk for inntil 30 personar. Vi har eit utval av menyar for ulike typar arrangement, og desse er i all hovudsak basert tradisjonsmat. Når du kjem vert du ønskt velkomen i udøre med ein smak av vår eiga eplesaft. Verten kan også gi ei kort innføring om tunet, gardssoga og Gamlastovo, om ønskeleg.

Tilhøva er lagde til rette for at Gamlastovo skal gi minnerike opplevingar, og bli ei god og særprega råme for ditt neste arrangement.

Hos oss har du fordelen ved at du kan velge servicegraden selv. Det betyr at det er du som bestemmer hvor mye du selv vil stå for av servering, underholdning, transport og overnatting, eller overlate til oss.

Om du allerede har festen planlagt, men mangler lokalet, er Gamlestova et spennende alternativ. Dersom du trekker oss inn i planleggingsfasen, kan vi tilby vår ekspertise og  lokalkunnskap for å gjøre ditt arrangement til en suksess.

Gamlastovo festlokale

Kontakt oss

Hardanger Feriesenter AS
Hardangerfjordvegen 341, 5600 Nordheimsund

Kontaktinformasjon

booking@hardangerferiesenter.no+47 920 50 955

Åpningstider
Alle ukedager 10:00 - 12:00 + 15:00 - 20:00
Kontakt oss for åpningstider i mellomsesongen

Takk for din henvendelse. Vi kontakter det så raskt vi kan!
Oops! Something went wrong while submitting the form.

Bilder

Bla gjennom bilder fra Gamlastovo festlokale i denne bildekarusellen.

No items found.